Flåing og bearbeiding av skinn

Flåing og bearbeiding av skinn - Fangstmann.no
Artikler

Garving og bereding

Ved bearbeiding av skinn, skiller vi mellom garving der håra fjernast, og bereding der håra sit på huda. P.g.a den tynne huda på mindre viltartar, er skinnet lite egna for garving. Eg bereder alle mine skinn sjølv, og har etter mange år opparbeidd meg ei brukbar erfaring. For å kunne berede et mjukt og varig mårskinn, krev det erfaring og ikkje minst rette preparat.


Den tradisjonelle oppskrifta eg har brukt, er arbeidskrevjande og preparata er vanskelig å få kjøpt. Det har dei siste åra komt produkt for heimebereding, som gir eit svært bra resultat. Eg har sjølv prøvd ut eit beredingssett frå Fangstmann.no.
Skinnet er lettast å flå rett etter at dyret er avliva, etter 3-6 timer inntreff dødsstivheit. Dyret er då stivt og vanskeleg å bevege, og etter 1-2 dagar slepp stivheita. Mår som har hengt for lenge i fella er lite egna til bereding, om skinnet slepp hår i buken er det lite egna til videre behandling. Eg vil i det følgjande beskrive min framgangsmåte ved flåing og bereding.

Legg dyret på rygg, lag eit snitt frå endetarmsåpninga og fram til potane . Skinnet frigjerast frå føtene, lag passasje bak halen, og snitt i halebeinet ca 4cm frå sjølve kroppen. Legg halen mellom fingrane, og drag skinnet av halebeinet. Skinnet kan vere vanskeleg å få løsna frå halen, her gjeld det å bruke makt. Etter at halen er fri, dreg ein skinnet framover skrotten. Huda er tynn, så pass på at du ikkje snittar hol i skinnet.

Skinnet er no klart for skraping, alle kjøt- og feittrestar må fjernast. Eg brukar ei skei eller ein sløv kniv, eventuelt fettskraper. Skarpe gjenstandar vil ofte lage hol i skinnet. Spesielt i buken og langs kantane sit restane godt. Pass på å ikkje skrape for langt inn i huda.

Om skinnet skal sendast til bereding må det saltast. Bruk ei saltmengd som tilsvarer ca 7 % av kjøtvekta, for mår er dette vel 130gram. Gni saltet godt inn, og lat det ligge i 5-6 dager. Pass på å dekke heile kjøtsida, område som ikkje er salta vil lett surne. Etter salting, la skinnet tørke før det skal sendast til bereding. Eit salta skinn bør behandlast innan 6 mnd.


Skinn som du sjølv skal berede, kan frysast om du ikkje er klar for bereding etter skraping. Frysing stimulerer vevet i huda, og gjev eit mjukare skinn.
For garving heime, anbefaler eg ”home tanning sett” frå Fangstmann.no. Dette innheld dei stoffa som trengs for eit godt resultat, samt olje for å gjere skinnet mjukt. Til eit mårskinn brukar eg ¼ egglass beredingsstoff, 1/4 glas salt, og 1 glas bakepulver. Tilset 2-3 eggeglas med varmt vatn, og rør til du får ei grautliknande masse. Smør på, og lat det stå i 24 timar. Skrap av overskytande masse, og påfør olje som er varma opp til ca 60 grader. Varm olje trekker seg lettare inn i huda. Etter at oljen har trekt inn og skinnet er tørt, puss lett over med sandpapir. Til slutt handvaskar eg skinnet i Biotex, før det strekkast og tørkast.

Du har no eit heimebereda skinn som eignar seg til pynt i stova. Ferdig bereda skinn oppbevarast ellers kjølig i plast.

Mårfangst er spennande, god trening og det gir økt bestand av småvilt!

Lykke til som fangstmann!

LES MER OM MÅR OG MÅRFANGST

Relaterte artikler